fredag 14. desember 2012

Iran 2009 5. Yasuj & Bijar





Sanandaj. Manuell produksjon av sukkerbitar

Salam

Gjestfriheten her er så overveldande at det nesten kan bli for mykje. Folk tar kontakt og viser meg rundt i byen sin, eller dei finn overnatting til meg i småbyar som ikkje er nevnt i reiseguiden. Dei geleidar meg til rett framkomstmiddel (taxi, fellestaxi, minibuss, buss har ulike holdeplassar).

I ein liten by, Yasuj, spurte eg ei dame om vegen til ein fjellpark. Kom, eg blir med og viser deg. Det var fleire km til fots. Ho bad meg med heim paa te etterpaa, og eg vart sitjande og snakka med ho og søstra i fleire timar. Eg ville gjera litt gjengjeld, og bad damene med ut på middag. Me fant ein tradisjonell restaurant med store sofabenkar der ein set med beina i kross, og kosa oss med god persisk mat. Eg tilkalla kelnaren, og ville betala. -Det er alt betalt, sa han. Dama hadde sneke seg ut og betalt før me var ferdig. Det var kul umulig å få gjera opp for dette. -Du er gjest, sa ho. Og då meinte ho i Iran. Slik er det berre. Tør ikkje invitera fleire ut.
Yasuj. Kebab og te

På bussane skiftar folk sete for å få snakka engelsk med meg. Og andre byttar med meg slik at eg får ein betre plass.
Shiraz - Yasuj.

Det er moro å oppsøkja dei lokale sjappene, enten det er for te og frokost, eller det er for te og vannpipe. Paa ein stappfull kafe sat gamlegutta med speilegg, brød og te. Teen heller dei over i den djupe asjetten og drikk av den. Spørte om aa få ta bilde av eit par av dei. Då dei fekk sjå resultatet, smilte dei breidt og takka. Dermed måtte eg ta runden, alle ville bli fotografert.
Bijar. Gamlekarane samla til frokost

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar