fredag 14. desember 2012

Iran 2009 7. Iran - Syria


Kandovan i nord-Iran. Landsby med hus gravd ut av fjellet

Fateme-ye Masumes-moskéen i Qom. Som ikkjemuslim tilbaud denne vakten å guida meg rundt




Salam

"Fakta" om Iran:

-  Der er millionar av motorsyklistar i Iran. Alle kjører som villmenn, og utan hjelm. Bortsett frå byen Rasht der det var skilt overalt om at hjelm er påbudt.

-  Annan kvar bil har sprekk i frontruta. Det er så tørt i Iran at ingen tar utgifta med å skifta.

-  Aldri meir enn 30 cm mellom støtfangarane i bytrafikken, og 10 cm mellom sidespeila.

-  Alle familiar reiser på piknik fredagen. Ser dei overalt nær vegen med duken utover graset. Heile familien med beina i kross rundt duken, og masse te og mat.

-  Beviset på stor turisttrafikk, stygge t-skjorter med "I love Iran", finst ikkje.

-  Tiggande guttungar som har blitt fora med myntar av busslaster med amerikanarar eller vesteuropearar finst heller ikkje.

-  Iran er verdas beste, tryggaste og morosame land å reisa åleine i.

-  Alle er misnøgde med styresettet i landet, og alle restriksjonar dei har fått tredd nedover hovudet (må innrømma at eg ikkje har hatt så stor kontakt med dei mest konservative)
Shiraz, bruktmarknad elektronikk på gata



Om 2 dagar er det presidentvalg. Av dei eg har snakka med er det berre eit par som vil ha Ahmadinejad. Mange vil stemma på Moussavi, mens andre seier alle kandidatane er same ulla, og at dei ikkje har tenkt å stemma. Grunnen er at kandidatane er silt på forhånd av presteveldet. Dei mest liberale får mao. ikkje stilla.

Møte med mange fantastiske menneske har heilt klart vore høgdepunkta i Iran. Men der er også flotte fjell, grøne dalar, gamle landsbyar som klamrar seg fast oppetter  fjellsidene, sanddyner i solnedgang, flotte byar som Esfahan og Yasd, og imponerande kulturminne som Persepolis. Hadde eg vore eit par veker tidlegare, kunne eg ha boltra meg i slalomløypene i fjella i nordre enden av Teheran.
Nær Jolfa i Iran. Det raude fjellet over elva ligg i Azerbadjan, dei snødekte fjella i Armenia

Eg har no vore ei veka i Syria etter togreisa frå Iran.

Saman med ein mulla på tog frå Iran gjennom Tyrkia til Syria

Damaskus, marknad med morbær



Hama, Syria. Eitt av dei mange vasshjula byen er kjent for

Palmyra-monumentalbuen
Syria er saman med Irak og Iran land med mange spor etter sivilisasjon fleire tusen år tilbake. Damaskus er verdens eldste hovedstad, og ein sjarmerande og flott by. Gamlebyen ligg på det lågaste punktet. Mot nord går det først svakt oppover, deretter bebyggelse bratt oppover fjellsida med utsikt over byen.

Bels tempel i Palmyra
Bels tempel
Palmyra er det største trekkplasteret for turistar med romerske ruinar spredd over eit stort område. Bl. a. restar etter ein kilometer long aveny med høge  pillarer på begge sider, og eit romersk teater. Palmyra er ein oase med daddelpalmar midt ute i ein stor ørken der einaste form for liv er flokkar med ville

kamelar.
Aleppo, Assadstatue

Dura Europos ved Eufrat nær grensa mot Irak
borga i Aleppo, største byen i Syria
Er no øst i Syria i Deir Ez-Sur. I dag var eg ein dagstur til ei borg på ei klippe over elva Eufrat sørover mot grensa til Irak. Grøderikt område. Ein stor familieflokk låg på kne i åkeren 90 meter under meg. Mannen ropte og vinka meg ned. Han lagde sømjetak i lufta. Men eg var ikkje heilt klar for bading i elva i dag.

Iran 2009 6. Sanandaj - Ardabil





Darband nord i Teheran. Tehusa ligg tett langs elva opp mot høgfjellet

Salam

Dei fleste i Iran snakkar ikkje engelsk. Andre kan nokre få ord. Ein del snakkar meir eller mindre godt engelsk. Nokre har studert engelsk, andre har plukka opp uttrykk frå amerikanske filmar.

I Sanandaj  åt eg lunsj på ei hurtigmatsjappe. Dama som ekspederte meg, likte å snakka engelsk, og hadde tydeleg amerikansk aksent. Eg sat ved utgangsdøra, og vinka til ho då eg reiste meg for å gå. "Nice to meet you, baby! Goodbye!" kauka ho gjennom lokalet.
Rascht. Vart innvitert med på te og vasspipe

Som nevnt i tidlegare reisebrev, det er alltid hyggeleg å vera utlending på bussen. Frå Kermanshah til Sanandaj kom eg i snakk med fotballinteresserte karar. "Du liknar på Wayne Rooney", sa ein. "Eg er faren hans", svarte eg. Dei lo, eg lo. Historien gjekk rundt i bussen. Etter eit par minuttar spørte mannen framfor meg forsiktig: "Kjenner du mora hans?" Eg måtte innrømma at det gjorde eg ikkje. Dermed måtte historia dementerast for heile bussen.
Minareter i Ardabil

Eg var i Ardabil på ein fredag, helligdagen her. Tok turen innom ein fin liten moske. Masse sko var parkert utanfor, og eg vart vinka inn av "dørvakten". Alle sat på golvet med beina i kors, utanom meg. Lederen sørga for at eg fekk tildelt stol. Eg vart ønskt velkomen, og sidemannen min ropte høgt: "Han er frå Norge". Alle snudde seg mot meg, la handa på hjertet, og bukka. Ein kar holdt foredrag for 80 andre menn om ulikheter mellom mann og kvinne. Det kom jevnlig innspel frå forsamlinga. Sidemannen min oversatte "overskriftene". Ein kar gjekk kontinuerleg rundt og serverte te. Etter ei stund fekk me også kjeks og snop. Det var vakker sang, og fleire muntlege innslag.

Ardabil, "mannemøte" i moskéen
Etter halvannan time såg det ut til fortsetja lenga enno, nye folk kom stadig inn døra. Eg reiste meg og takka for meg, og vart bukka og takka ut døra.

Iran 2009 5. Yasuj & Bijar





Sanandaj. Manuell produksjon av sukkerbitar

Salam

Gjestfriheten her er så overveldande at det nesten kan bli for mykje. Folk tar kontakt og viser meg rundt i byen sin, eller dei finn overnatting til meg i småbyar som ikkje er nevnt i reiseguiden. Dei geleidar meg til rett framkomstmiddel (taxi, fellestaxi, minibuss, buss har ulike holdeplassar).

I ein liten by, Yasuj, spurte eg ei dame om vegen til ein fjellpark. Kom, eg blir med og viser deg. Det var fleire km til fots. Ho bad meg med heim paa te etterpaa, og eg vart sitjande og snakka med ho og søstra i fleire timar. Eg ville gjera litt gjengjeld, og bad damene med ut på middag. Me fant ein tradisjonell restaurant med store sofabenkar der ein set med beina i kross, og kosa oss med god persisk mat. Eg tilkalla kelnaren, og ville betala. -Det er alt betalt, sa han. Dama hadde sneke seg ut og betalt før me var ferdig. Det var kul umulig å få gjera opp for dette. -Du er gjest, sa ho. Og då meinte ho i Iran. Slik er det berre. Tør ikkje invitera fleire ut.
Yasuj. Kebab og te

På bussane skiftar folk sete for å få snakka engelsk med meg. Og andre byttar med meg slik at eg får ein betre plass.
Shiraz - Yasuj.

Det er moro å oppsøkja dei lokale sjappene, enten det er for te og frokost, eller det er for te og vannpipe. Paa ein stappfull kafe sat gamlegutta med speilegg, brød og te. Teen heller dei over i den djupe asjetten og drikk av den. Spørte om aa få ta bilde av eit par av dei. Då dei fekk sjå resultatet, smilte dei breidt og takka. Dermed måtte eg ta runden, alle ville bli fotografert.
Bijar. Gamlekarane samla til frokost

Iran 2009 4. Kurdistan


haika 13 km med denne karen inn ein grisgrendt dal

Kang. På veg heim med fór og ved

Salam!

Med buss, minibuss og taxi kjem ein fram dei fleste plassar utan å måtta venta altfor lenge. Dei går rett fram frå A til B. Skal du skifta litt retning, er det over på nytt transportmiddel.Til små avsides plassar må ein stola på dei forbipasserande.

Eg tok lokal buss 20 km ut av Mashad. Deretter haika eg 13 km med ein ungdom på motorsykkel til ei lita bygd inst i ein dal. Planen var å gå ein fjellveg til nabodalen. Eit stykke oppi fjellsida delte vegen seg, og eg spørde ein gjetar om vegen til Kang. Mulig uttalen min var litt dårleg, han viste meg i alle fall feil veg. Skjøna etter kvart at dette bar heilt feil, og skråna oppover fjellsida i den retning eg antok var rett. På toppen fant eg vegen. 2 motorsyklar med til saman 5 un
Palangan, avsides landsby i Kurdistan, Iran
gdommar tilbaud skyss, men eg takka høfleg nei. I Kang nådde eg akkurat siste buss tilbake til byen. Heile dagsturen kosta meg 2 kr og 10 øre i transport.

Palangan med steinhus oppetter fjellsidene i ei kløft
I dag har eg vore i ein annan nydeleg landsby, i Kurdistan ikkje langt fraa grensa til Irak. Då eg gjekk av bussen i vegkrysset, spurte sjåføren: "Kor har du egentleg tenkt deg hen". Nokre bønder som hadde vore på handletur hadde akkurat ein ledig plass til meg i bilen. Landsbyen Balangan ligg i ei kløft, der steinhusa nærmast er limt fast i fjellsidene som går opp på kvar side av elva. Frå parkeringsplassen var det 15 min å gå til landsbyen på ein vannkanal som er sementert på toppen. Eg fekk setja frå meg ryggsekken innanfor døra hjå ein familie før eg tok til på gangvegen. Tilbake til ryggsekken spurte eg etter transport tilbake til hovedvegen. Eg vart vist kor eg skulle stilla meg for å vera sikker på at alle bilar som skulle der i frå, såg meg. Etter ein time kom flott bil med tre dresskledde herrar. Dei jobba på landbrukskontor, og hadde vore på utflukt. Eg vart satt av på nærmaste minibussterminal. 

Etter 4 bilskifte til er eg no i ein liten by som heiter Bijar.
frokost i Bijar. stamkafé til mange staute lokale menn
Bijar ventar besøk av ayatollah Khamenei

Ayatollah Khamenei har dei siste dagane vore på sjarmoffensiv i Kurdistan. For 3 dagar sidan vart eg nekta innreise til Marivan av denne grunn. I morgon kjem han til den vesle byen Bijar, der eg er no. Politi var inne i bussen eg kom med i dag. Men denne byen ser ut til å vera stor nok for oss begge.

For dei geografiinteresserte: Reiserute saa langt: Teheran-Gorgan-Mashad-Yazd-Kerman-Shiraz-Yasuj-Esfahan-Garmeh-Kashan-Qom-Hamedan-Kermanshah-Sanandaj-Bijar.

Stolt kurdar på Abidarfjellet over Sanandaj
ungdom inviterte på vannpipe og kjeks i parken i Sanandaj
Har nett fornya visum, og blir i Iran litt til