fredag 14. desember 2012

Iran 2009 3. Garmeh

den 2500 år gamle persiske hovedstaden Persepolis

oversikt Persepolis

poetar er store heltar i Iran. Her ved Hafez (1300-talet) si grav

2 studiner som ville praktisera engelsk. kafé i Shiraz




Salam!

Ungdom i Iran har ingen naturlege møtestader. Flørting på offentlig stad er i teorien ikkje lov. Dei gøymer seg vekk i parkar, men er redd for å bli angitt. Sivilkledd politi luskar rundt. Alkohol er forbudt. Nattklubbar eksisterer ikkje, og dansing foregår berre i det private. Dei fleste ungdomar bur heime hjå foreldra til dei er gift, så dermed er også private møteplassar mangelvare.
utanfor Sheik Lotfalla moskéen på Naqsh-e Jahan-plassen i Esfahan

ein av verdens største og finaste almenningar, Naqsh-e Jahan i Esfahan

Frå Esfahan reiste eg til ein liten oase i ørkenen, Garmeh, med 250 innb. og 2 kamelar. Bussen var 4 timar forsinka, så det vart midnatt før eg hoppa av bussen. Då var det 40 km vidare med taxi, men så seint var det ingen i nærleiken. Sidemannen på bussen (som ikkje kunne engelsk) ringte ein venn, og gav telefonen til meg. Han sa at faren kunne sikkert kjøra meg. Eg vart satt av ved politistasjonen. Dei fortalde siste nytt om Chelsea-Barcelona mens eg venta på bilen min.

alltid god stemning i bussen
I Garmeh vart eg kjent med ein gjeng på 30 damer og menn frå Teheran  som hadde leigd minibuss saman. Dei tok meg med på utflukter til saltsjø, kamelridning og sanddyner. Det var allsang både i bussen og i Garmeh. Som avbrekk i dette vart det satt på iransk disco, og det var dans i midtgangen. Det starta med 2 menn som dansa, etterkvart fleire. Eg vart oppfordra til å dansa, og alle dei andre satte seg utanom ein mann, som skulle læra meg korleis dei dansa i Iran. Snart var heile midtgangen full, og gardinene trekt for. Fleire damer kom bort til meg og takka for at eg hadde dansa, utan snev av ironi.
Leik og moro i sanddynene ved Garmeh


leirbål ved solnedgang i Garmeh

mykje flott trad. iransk sang og musikk
På veg inn på bensinstasjon sat alle seg ned og musikken vart dempa. Ein veit aldri om nokon skulle finna på å anmelda for usømeleg oppførsel. Det vart også på spøkefullt vis sagt at eg måtte ikkje leggja bildene ut på nettet, for då åka dei i fengsel heile gjengen. Dansing mellom dame og mann, til og med uten hijab!

dans og moro
Dette var ein fantastisk gjeng som berre forsterka det gode inntrykket eg har av det iranske folket.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar