fredag 14. desember 2012

Iran 2009 2. Yazd - Kerman


dattera ville verta guide, og viste meg rundt i Yazd saman med faren

Yazd. Ørkenbyen har mange "vindtårn" som fungerar som aircondition

Salam

Iran har eit unikt styresett med 2 parallelle regjeringer:

1. Vald president som peikar ut sine ministrar, som i mange andre land.

2. Presteskapet, ei 12 manns gruppe som sjeldan vert omtalt i media, og som kun er ansvarleg overfor ayatolla Ali Kaminei. Desse fortolkar grunnlova, og har vetorett overfor alle lovforslag som kjem frå parlamentet.

Reformvennlege presidentar har ein tendens til å bli upopulaere etter at dei er valde. Presteskapet legg ned veto, og folket føler seg svikta.

Har snakka med både unge og gamle som føler ayatollaene tar friheten frå dei. M.a. ein lærar som meinte dei mislikte folk som var velutdanna og kunne "avsløra" demagogien deira.
marknaden i Kernan

Damene skal i teorien gå med eit svart telt (chador) rundt seg utendørs, og i nærvær av framande. Ein ser likevel mange damer som går i litt meir formsydde kle, nokon få av dei også med fargar. Skaut (hijab) må alle (også utlendingar) gå med. Men ein del yngre damer drar det litt bakover og viser litt av håret. Men dei kan ikkje visa beina eller armane. Dei tøyer grensene smått om smått, men med ujevne mellomrom slår myndighetene til med razzia og stramar inn tøylene. Då kappar dei gjerne ledningar til parabolar og stengjer internettkafear i same slengen.
Yazd. vart invitert heim til 2 damer saman med husverten min.
Utlendingar ser dei sjeldan, og dei har veldig lyst til å praktisera engelsk.
 


På bussen frå Yazd til Kerman hadde eg eit dobbeltsete for meg sjølv. Eg var einaste utlending ombord, men likevel høyrde eg mumling på engelsk 2-3 rader bak meg("what's your name?","welcome to Iran"), om og om igjen. Etter 10 min. sat ein kar i 20-åra seg forsiktig ned. Han sa ikkje eit ord. Då kom det på nytt engelske setningar bakifrå. Dette gjentok seg fleire gongar, men karen var like taus. Eg byrja snakka med han. Han var veldig beskjeden, men hadde tydelig lyst til å praktisera engelsk. Kvar gong det stoppa litt opp kom det nye meldingar frå suffløren ("where are you from?", "how do you like Iran?"). Heile bussen vart etter kvart ivrige tilskuerar, og skratta når suffløren kom med instruksjonar på farsi (persisk) til stakkars sidemannen min. Karen budde i utkanten av Kerman, og inviterte meg med heim. Det passa ikkje heilt denne gongen, men eg har takka ja til liknande invitasjonar fleire gongar.
Kaluts, ørken aust for Kerman

Kaluts
No har eg fått smaken på popstjernelivet. I går var eg til ein mindre by, Mahan, for å sjå eit stort, flott kompleks med mausoleum, moske og åpne plassar. Først kom ein buss med skulegutar i 12-års alderen. Alle skulle sei "hello" til meg, og alle ville ha eit foto på mobilen sin saman med meg. På veg ut att av moskeen møtte eg 2 busslastar med unge jenter. Igjen var det "hello". Dei vart stadig modigare og følgde opp med "how are you" og "where are you from". Etter kvart stod eg med 30-40 jenter i ein tett sirkel rundt meg. Dei hoppa og trippa, og snakka i munnen på kvar andre. "How old are you?", "are you married?", "are you travelling alone?" Ei av dei var særs for seg: "Kva er ditt synspunkt på forskjellen på bekledning på jenter i Iran og i ditt land?" Eg returnerte spørsmålet. Ho forsvarte chadoren, og la til at når dei var heima eller på fest, tok dei dette av. Så var det fotografering heilt til sjåførane for tredje gong hadde kommandert dei tilbake i bussen.
skulejenter i Mahan

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar