fredag 14. desember 2012

Iran 2009 4. Kurdistan


haika 13 km med denne karen inn ein grisgrendt dal

Kang. På veg heim med fór og ved

Salam!

Med buss, minibuss og taxi kjem ein fram dei fleste plassar utan å måtta venta altfor lenge. Dei går rett fram frå A til B. Skal du skifta litt retning, er det over på nytt transportmiddel.Til små avsides plassar må ein stola på dei forbipasserande.

Eg tok lokal buss 20 km ut av Mashad. Deretter haika eg 13 km med ein ungdom på motorsykkel til ei lita bygd inst i ein dal. Planen var å gå ein fjellveg til nabodalen. Eit stykke oppi fjellsida delte vegen seg, og eg spørde ein gjetar om vegen til Kang. Mulig uttalen min var litt dårleg, han viste meg i alle fall feil veg. Skjøna etter kvart at dette bar heilt feil, og skråna oppover fjellsida i den retning eg antok var rett. På toppen fant eg vegen. 2 motorsyklar med til saman 5 un
Palangan, avsides landsby i Kurdistan, Iran
gdommar tilbaud skyss, men eg takka høfleg nei. I Kang nådde eg akkurat siste buss tilbake til byen. Heile dagsturen kosta meg 2 kr og 10 øre i transport.

Palangan med steinhus oppetter fjellsidene i ei kløft
I dag har eg vore i ein annan nydeleg landsby, i Kurdistan ikkje langt fraa grensa til Irak. Då eg gjekk av bussen i vegkrysset, spurte sjåføren: "Kor har du egentleg tenkt deg hen". Nokre bønder som hadde vore på handletur hadde akkurat ein ledig plass til meg i bilen. Landsbyen Balangan ligg i ei kløft, der steinhusa nærmast er limt fast i fjellsidene som går opp på kvar side av elva. Frå parkeringsplassen var det 15 min å gå til landsbyen på ein vannkanal som er sementert på toppen. Eg fekk setja frå meg ryggsekken innanfor døra hjå ein familie før eg tok til på gangvegen. Tilbake til ryggsekken spurte eg etter transport tilbake til hovedvegen. Eg vart vist kor eg skulle stilla meg for å vera sikker på at alle bilar som skulle der i frå, såg meg. Etter ein time kom flott bil med tre dresskledde herrar. Dei jobba på landbrukskontor, og hadde vore på utflukt. Eg vart satt av på nærmaste minibussterminal. 

Etter 4 bilskifte til er eg no i ein liten by som heiter Bijar.
frokost i Bijar. stamkafé til mange staute lokale menn
Bijar ventar besøk av ayatollah Khamenei

Ayatollah Khamenei har dei siste dagane vore på sjarmoffensiv i Kurdistan. For 3 dagar sidan vart eg nekta innreise til Marivan av denne grunn. I morgon kjem han til den vesle byen Bijar, der eg er no. Politi var inne i bussen eg kom med i dag. Men denne byen ser ut til å vera stor nok for oss begge.

For dei geografiinteresserte: Reiserute saa langt: Teheran-Gorgan-Mashad-Yazd-Kerman-Shiraz-Yasuj-Esfahan-Garmeh-Kashan-Qom-Hamedan-Kermanshah-Sanandaj-Bijar.

Stolt kurdar på Abidarfjellet over Sanandaj
ungdom inviterte på vannpipe og kjeks i parken i Sanandaj
Har nett fornya visum, og blir i Iran litt til

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar