fredag 14. desember 2012

Iran 2009 7. Iran - Syria


Kandovan i nord-Iran. Landsby med hus gravd ut av fjellet

Fateme-ye Masumes-moskéen i Qom. Som ikkjemuslim tilbaud denne vakten å guida meg rundt




Salam

"Fakta" om Iran:

-  Der er millionar av motorsyklistar i Iran. Alle kjører som villmenn, og utan hjelm. Bortsett frå byen Rasht der det var skilt overalt om at hjelm er påbudt.

-  Annan kvar bil har sprekk i frontruta. Det er så tørt i Iran at ingen tar utgifta med å skifta.

-  Aldri meir enn 30 cm mellom støtfangarane i bytrafikken, og 10 cm mellom sidespeila.

-  Alle familiar reiser på piknik fredagen. Ser dei overalt nær vegen med duken utover graset. Heile familien med beina i kross rundt duken, og masse te og mat.

-  Beviset på stor turisttrafikk, stygge t-skjorter med "I love Iran", finst ikkje.

-  Tiggande guttungar som har blitt fora med myntar av busslaster med amerikanarar eller vesteuropearar finst heller ikkje.

-  Iran er verdas beste, tryggaste og morosame land å reisa åleine i.

-  Alle er misnøgde med styresettet i landet, og alle restriksjonar dei har fått tredd nedover hovudet (må innrømma at eg ikkje har hatt så stor kontakt med dei mest konservative)
Shiraz, bruktmarknad elektronikk på gata



Om 2 dagar er det presidentvalg. Av dei eg har snakka med er det berre eit par som vil ha Ahmadinejad. Mange vil stemma på Moussavi, mens andre seier alle kandidatane er same ulla, og at dei ikkje har tenkt å stemma. Grunnen er at kandidatane er silt på forhånd av presteveldet. Dei mest liberale får mao. ikkje stilla.

Møte med mange fantastiske menneske har heilt klart vore høgdepunkta i Iran. Men der er også flotte fjell, grøne dalar, gamle landsbyar som klamrar seg fast oppetter  fjellsidene, sanddyner i solnedgang, flotte byar som Esfahan og Yasd, og imponerande kulturminne som Persepolis. Hadde eg vore eit par veker tidlegare, kunne eg ha boltra meg i slalomløypene i fjella i nordre enden av Teheran.
Nær Jolfa i Iran. Det raude fjellet over elva ligg i Azerbadjan, dei snødekte fjella i Armenia

Eg har no vore ei veka i Syria etter togreisa frå Iran.

Saman med ein mulla på tog frå Iran gjennom Tyrkia til Syria

Damaskus, marknad med morbær



Hama, Syria. Eitt av dei mange vasshjula byen er kjent for

Palmyra-monumentalbuen
Syria er saman med Irak og Iran land med mange spor etter sivilisasjon fleire tusen år tilbake. Damaskus er verdens eldste hovedstad, og ein sjarmerande og flott by. Gamlebyen ligg på det lågaste punktet. Mot nord går det først svakt oppover, deretter bebyggelse bratt oppover fjellsida med utsikt over byen.

Bels tempel i Palmyra
Bels tempel
Palmyra er det største trekkplasteret for turistar med romerske ruinar spredd over eit stort område. Bl. a. restar etter ein kilometer long aveny med høge  pillarer på begge sider, og eit romersk teater. Palmyra er ein oase med daddelpalmar midt ute i ein stor ørken der einaste form for liv er flokkar med ville

kamelar.
Aleppo, Assadstatue

Dura Europos ved Eufrat nær grensa mot Irak
borga i Aleppo, største byen i Syria
Er no øst i Syria i Deir Ez-Sur. I dag var eg ein dagstur til ei borg på ei klippe over elva Eufrat sørover mot grensa til Irak. Grøderikt område. Ein stor familieflokk låg på kne i åkeren 90 meter under meg. Mannen ropte og vinka meg ned. Han lagde sømjetak i lufta. Men eg var ikkje heilt klar for bading i elva i dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar