torsdag 13. desember 2012

Iran 2009 1. Teheran - Mashad

menyen i farsi på restaurant
USA sin tidlegare ambassade i Teheran
trafikkpoliti i Teheran


Salam!

Første veka er unnagjort, saa no føler eg meg aklimatisert. Det tar alltid litt tid å venja seg til valuta, transport og korleis "dei innfødde" reagerer og ter seg.

Fakta: Iran har 70 mill. innb. og er 5 gongar saa stort som Norge. Høgste fjell er 5671 moh og mange av dei største byane ligg mellom 1000 og 2000 moh.

Menneska her er veldig behagelige. dei er venlege, høflege, hjelpsomme, men ikkje innpåtrengjande. Temperatur så langt 18-23 grader.

Transportsystemet er effektivt. Etter busstur 7 timar austover frå Teheran til Gorgan, har eg brukt taxi og savari. Savari er "delt taxi", personbilar med og utan taxiskilt som stiller seg på knutepunkt. Tar gjerne ein savari frå sentrum av byen til utkanten i den retning ein skal. der står ein ny savari som tar deg til neste by. du berre seier kor du skal, så veit alle sjåførane kva bil du skal vera med. Dei lokale brukar denne transportmetoden mykje, så bilane blir fort fylt opp. Det er viktig å veta kor mykje du skal betala. Ingen ting blir sagt, du berre leverer pengane til sjåføren i fart. Spør du kva det kostar er du seld, då har du bedt om å bli flådd.
snø i vegkanten på ein fjellovergang nær Kordkuy ved søraustre hjørna av Kaspihavet

I går forflytta eg meg 500 km fordelt på 6 ulike savari på 8 t. Total pris 100 kroner. Kunne tatt buss til halve prisen, men det tar lengre tid, og du må ta arbeidet med å finna ut når den går og kor den går frå.

sjåføren på savarien min får bot i radarkontroll utanfor Gorgan
I ein savari blir det ein del moro undervegs. "Ingen" kan engelsk, og eg kan ikkje farsi. Eg prøver meg på nokre setningar som eg les opp frå boka: "Kva heiter du" o.l. Og dei spør alltid: "kojaji hastin? (kor er du frå?). Men det blir mest fekting med armane.

Som sagt, iranske folk er hyggelege. På kvar lengre biltur blir eg bydd te og noko å eta. Her drikk dei te heile dagen, og har alltid med ei stor termokanne på tur. Køyrer stadig forbi familiar på piknikk, med utbretta duk i vegkanten.


I Teheran prøvde eg også motorsykkeltaxi. Hoppa opp bakpå sykkelen, og så bar det avgarde i zikkzakk mellom bilar, mot kjøreretning, oppå fortau. Veldig effektivt i kaoset i storbyen Teheran (15 mill).

Her er nokre få regulerte lyskryss, og fotgjengarfelt her og der. Men det er ingen forsikring for at du kjem heilskinna over. Å kryssa 4 felt er ein egen kunstform. Ingen bilar stoppar, dei slakkar kanskje ned litt, og gjer ein bue så dei snirtar helane dine.
vart invitert på lunsj i liten landsby aust for Teheran

Eg er no i Mashad (3 mill) nordaust i Iran. Dette er muslimane sin heilagaste by i Iran. Her kjem det 20 mill. pilgrimar kvart år for å vitja Haram, eit svært kompleks av minareter, domar, åpne flotte plassar, og inne i midten den hellige kista over Imam Reza (død 818)
reparasjon av gamle persiske teppe

Mashad. Kveldsbøn i Haram
Eg blir her eit par dagar til, har planar om å ta bussen til ein liten landsby i nærleiken.
mange kvartal er sanert for stor utviding av det allerede enorme Haram i sentrum av Mashad

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar