Kandovan i nord-Iran. Landsby med hus gravd ut av fjellet |
Fateme-ye Masumes-moskéen i Qom. Som ikkjemuslim tilbaud denne vakten å guida meg rundt |
Salam
"Fakta" om Iran:
- Der er
millionar av motorsyklistar i Iran. Alle kjører som villmenn, og utan hjelm. Bortsett
frå byen Rasht der det var skilt overalt om at hjelm er påbudt.
- Annan kvar
bil har sprekk i frontruta. Det er så tørt i Iran at ingen tar utgifta med å
skifta.
- Aldri meir
enn 30 cm mellom støtfangarane i bytrafikken, og 10 cm mellom sidespeila.
- Alle
familiar reiser på piknik fredagen. Ser dei overalt nær vegen med duken utover
graset. Heile familien med beina i kross rundt duken, og masse te og mat.
- Beviset på
stor turisttrafikk, stygge t-skjorter med "I love Iran", finst ikkje.
- Tiggande
guttungar som har blitt fora med myntar av busslaster med amerikanarar eller
vesteuropearar finst heller ikkje.
- Iran er
verdas beste, tryggaste og morosame land å reisa åleine i.
- Alle er
misnøgde med styresettet i landet, og alle restriksjonar dei har fått tredd
nedover hovudet (må innrømma at eg ikkje har hatt så stor kontakt med dei mest
konservative)
Shiraz, bruktmarknad elektronikk på gata |
Om 2 dagar er det presidentvalg. Av dei eg har snakka
med er det berre eit par som vil ha Ahmadinejad. Mange vil stemma på Moussavi,
mens andre seier alle kandidatane er same ulla, og at dei ikkje har tenkt å
stemma. Grunnen er at kandidatane er silt på forhånd av presteveldet. Dei mest
liberale får mao. ikkje stilla.
Møte med mange fantastiske menneske har heilt klart
vore høgdepunkta i Iran. Men der er også flotte fjell, grøne dalar, gamle
landsbyar som klamrar seg fast oppetter
fjellsidene, sanddyner i solnedgang, flotte byar som Esfahan og Yasd, og
imponerande kulturminne som Persepolis. Hadde eg vore eit par veker tidlegare,
kunne eg ha boltra meg i slalomløypene i fjella i nordre enden av Teheran.
Nær Jolfa i Iran. Det raude fjellet over elva ligg i Azerbadjan, dei snødekte fjella i Armenia |
Eg har no vore ei veka i Syria etter togreisa frå
Iran.
Saman med ein mulla på tog frå Iran gjennom Tyrkia til Syria |
Damaskus, marknad med morbær |
Hama, Syria. Eitt av dei mange vasshjula byen er kjent for |
Palmyra-monumentalbuen |
Syria er saman med Irak og Iran land med mange spor
etter sivilisasjon fleire tusen år tilbake. Damaskus er verdens eldste
hovedstad, og ein sjarmerande og flott by. Gamlebyen ligg på det lågaste
punktet. Mot nord går det først svakt oppover, deretter bebyggelse bratt
oppover fjellsida med utsikt over byen.
Bels tempel i Palmyra |
Bels tempel |
kamelar.
Dura Europos ved Eufrat nær grensa mot Irak |
borga i Aleppo, største byen i Syria |
Er no øst i Syria i Deir Ez-Sur. I dag var eg ein
dagstur til ei borg på ei klippe over elva Eufrat sørover mot grensa til Irak. Grøderikt
område. Ein stor familieflokk låg på kne i åkeren 90 meter under meg. Mannen
ropte og vinka meg ned. Han lagde sømjetak i lufta. Men eg var ikkje heilt klar
for bading i elva i dag.